Genestran® vet. – Prostaglandin F2α-analgog med kun den bioaktive isomeren.
Genestran vet er ein prostaglandin F2α-analog (PGF2α) til storfe, hest og gris.
R-kloprostenol er aktivt virkestoff. Kloprostenol er ei racemisk blanding av høgre- og venstredreiande isomerar. Genestran nyttar berre den høgredreiande isomeren d-kloprostenol. Den venstredreiande isomeren l-kloprostenol reknast som inaktiv i høve trigging av PGF2α-reseptorar og er skild ut. I konkurranse med PGF2α i binding til PGF2α-reseptorar i corpus luteum er d-kloprostenol 150 gonger meir potent enn racemisk kloprostenol. Tilsvarande i myometriet er r-kloprostenol 10 gonger meir potent. Kjelde: Re, G. et al, Specific binding of dl-cloprostenol and d-cloprostenol to PGF2α-reseptors in bovine corpus luteum and myometrial cell membranes. J. vet. Pharmacol. and Therap. 17, 455-458, 1994 |
Pris: Svært gunstig på pris (25-30 % reduksjon). Indikasjonar: Storfe: Brunstinduksjon, brunstsynkronisering, behandling av stille brunst, kronisk endometritt, pyometra og luteincyster i eggstokkane. Induksjon av kalving, utstøyting av mumifiserte foster og abort fram til dag 150 av drektigheta. Hest: Brunstinduksjon hjå hopper med funksjonelt corpus luteum. Gris: Fødselsinduksjon ved forlenga drektighet eller synkronisering av fødsel. Genestran dosering: Genestran 75 μg/ml, 20 ml: Storfe: 2 ml, i.m. Hest: 0,3 - 0,5 ml, i.m. Gris: 0,7 – 1 ml, i.m. Litt om kloprostenol og isomerar Preparatomtale Genestran vet |