Primopen 300 mg/ml
Primopen er eit prokainpenicillin-preparat med standard konsentrasjon: 300 mg/ml registrert til storfe, gris og hest.
Primopen leverast i 100 ml og 250 ml plastflasker. Det er 3 pakningsstorleikar: 10 x 100 ml, 30 x 100 ml og 6 x 250 ml. Primopen er lett å rista opp, lettflytande og grei å nytta saman med grøn kanyle (21G). Konkurransedyktig pris. Indikasjon: Behandling av infeksjonar forårsaka av penicillinfølsomme bakteriar. |
Svar på spørsmål i høve dosering. Primopen er godkjent i ein EØS-fellessøknad. Dosering i preparatomtale (SPC) gjenspeglar europisk praksis og er 12 mg pr kg (4 ml pr 100 kg). I Noreg tilrår styremaktene ei høgare dosering, som praktiserast av dei fleste dyrlegar til dagleg. Bruk av ”norsk” dosering ved bruk av Primopen i Noreg samsvarar med preparatomtalen pkt. 4.5 . Sjå også Legemiddelverket sin artikkel. Tilbakehaldstidene i fylgje SPC er: Slakt storfe: 6 døgn Slakt gris: 4 døgn Slakt hest: 6 månader Mjølk storfe: 4 døgn (96 timar) Maksvolum per injeksjonsstad: Storfe: 15,5 ml Gris: 3,2 ml Preparatomtale Primopen |