Zepromec vet.
Zepromec har eprinomektin som virkestoff og kjem som påhellingsvæske i 1 liters flaske med doseringskammer. Zepromec virker både mot endo- og ekto-parasittar, deriblant rundorm, lungeorm og Chorioptes bovis. Liste over følsomme parasittar finn ein i Veterinærkatalogen
Inga tilbakehaldstid på mjølk Tilbakehaldstid: Mjølk: 0 døgn. Slakt: 15 døgn. Haleskabb (Chorioptes bovis) på ku er eit aukande problem. Zepromec kan nyttast til å bekjempa denne også i mjølkebuskap. |
Konkurransedyktig pris Ein kan spara fleire hundrelappar* pr liter i høve andre påhellingsprodukt med eprinomektin, ivermektin eller doramektin som virkestoff. *) pr okt. 2016 Zepromec ved beite Hindrar infeksjon med O. ostertagi i opptil 4 veker. Ved profylaktisk behandling på beite skal dyra behandlast 3 og 10 veker etter utslepp. (B. Gjerde. Parasittar hjå storfe. 13.utg.) Ved innsett om hausten vil ein tøma dyra for innvollsorm og lungeorm samstundes som ein drep blodsugande lus og midd som elles har ein tendens til å oppformeira seg i tjukt hårlag på dyra ved inneforing om hausten. Preparatomtale Zepromec |