Noroclav® vet. tablettar
-40 mg/10 mg, 200 mg/50 mg og 400 mg/100 mg
Noroclav vet tablettar inneheld amoksicillin og klavulansyre. Noroclav finnst i tablettar på 40 mg/10mg i blisterpakning på 20 stk og 100 stk, i tablettar på 200 mg/50 mg i blisterpakning på 10 stk, 20 stk og 50 stk og i tablettar på 400 mg/100 mg i blisterpakning på 10 stk, 25 stk og 4x25 stk.
Amoksicillin er eit betalaktamantibiotikum som virkar både mot Gram-positive og Gram-negative bakteriar. Klavulansyra bind seg irreversibelt til betalaktamasar og gjer at amoksicillin (som er utsett for nedbryting av betalaktamasar) utvidar verknaden sin til også å omfatta betalaktamase-produserande bakteriar. In vitro er potensiert amoksicillin aktivt mot eit breitt spekter av klinisk viktige aerobe og anaerobe bakteriar, mellom anna: Gram-positive: Stafylokokkar (bl.a. betalaktamaseproduserende stammar), Klostridiar, Streptokokkar Gram-negative: Escherichia coli (bl.a de fleste betalaktamaseproduserande stammar), Campylobacter spp, Pasteurellae, Proteus spp |
Indikasjonar er infeksjonar av betalaktamaseproduserande bakteriar som er følsame for amoksicillin i kombinasjon med klavulansyre slik som: -Hudinfeksjonar (inkludert overflatiske og djupe pyodermiar) med følsame stafylokokkar -Urinveisinfeksjonar forårsaket av følsame stafylokokkar eller E.coli -Luftveisinfeksjonar forårsaket av følsame stafylokokkar -Enteritt forårsaka av følsame E.coli Preparatomtale Noroclav vet tabl. 40 mg /10 mg Preparatomtale Noroclav vet tabl. 200 mg /50 mg Preparatomtale Noroclav vet tabl. 400 mg /100 mg |