Equest Pramox vet. inneheld moksidektin og prazikvantel som virkestoff.
Moksidektin er eit 2.generasjons makrosyklisk lakton i milbemycingruppa. Moksidektin har effekt mot dei fleste rundormar og bremselarvar. Samanlikna med andre anthelmintika, har moksidektin lengst periode etter behandling der ein ikkje kan påvisa egg i avføringa på det behandla dyret. Denne perioden er på 90 dagar og oppover.
Moksidektin er også det einaste anthelmitikum som i standard dosering (ein normaldose) virkar på små strongylider (cyathostominar) i tarmveggen. Dette gjeld både L4-larvar i utvikling og hypobiotiske L3-larvar. Cyathostomin-larvar reknast som den største årsaka til parasittær diaré hjå hest. Vanlegast ser ein dette ved seinvinter/vår når mengder av hypobiotiske larvar samstundes vaknar til live og arbeidar seg ut av tarmveggen med store sårdanningar som resultat. Vanlegvis utgjer cyathostomin-egga 95 % av alle strongylideegg i avføringa frå hest. Seinhaustes reknar ein at så mange som 85% av larvane i tarmveggen går inn i eit hypobiotisk stadium.