Varighet frå behandling til egg i avføring
I ei studie der hestar som var behandla med Equest Pramox beita saman med ubehandla kontrollar, gjekk det 21 veker frå behandling til ein igjen fann egg i avføringa.
I ei anna studie såg ein også på tida frå behandling til ein igjen hadde egg i avføringa, men samanlikna ulike preparat. 27 hestar på same beite vart fordelt på 3 grupper og behandla med høvesvis pyrantel, ivermectin og moksidektin. Ein talde så egg i avføringa kvar 14. dag og rekna prosent av hestane som hadde over 200 egg pr gram. I pyrantelgruppa var 22% av hestane positive etter 6 veker. I ivermektingruppa var 25 % positive etter 10 veker. I moksidektingruppa hadde ingen av hestane over 200 egg/g så lenge studien varte dvs 24 veker. Det var tilfeldigvis uvanleg tørt den sommaren forsøket fann stad, slik at det lange intervallet med få eller ingen egg i avføringa ikkje utan vidare kan overførast til meir fuktige somrar. Men tilhøva var dei same for alle preparata som vart testa.
I fylgje preparatomtalen undertrykkast eggutskiljinga i 3 månader.
Bendelorm
Prazikvantel er effektiv mot bendelorm.
Ideell til bruk i vinterhalvåret
Her til lands er det ikkje uvanleg å alternera antiparasittmiddel til hest for å unngå resistensutvikling. Innanfor dette regimet vil Equest Pramox vera eit naturleg val i vinterhalvåret då ein med ei behandling har verknad mot bendelorm, bremselarvar og rundorm (inkl. encysterte og hypobiotiske cyathostominar). Men også elles i året er Equest Pramox eit interessant alternativ om ein ynskjer lang tid frå behandling til ny etablering av eggleggjande rundorm.
Wilmar Kolnes
veterinær
Bjørn Gjerde, Parasittar hos hest, kompendium NVH, 2006.
2Bairden K et al., Veterinary Record, 2006 158:766-768.
3Bairden K et al., Veterinary Record, 2001 148:138-141.
4 Francoise Blond Riou. A new combination of moxidectin and praziquantel for the control of mixed tapeworm infections and heavy strongyle challange in horses. In. Proceedings World Association for the advancement of vet parasitologists August 2003. 7-9.
5 Jacobs DE et al., Veterinary Record, 1995 137:545.