Ein uavhengig irsk studie der ein samanliknar ulike hesteinfluensavaksiner etter grunnimmunisering av unghester, konkluderer med at Duvaxyn gjev signifikant høgare titer enn dei andre vaksinane. 66 dyr er brukt i studien er der fem ulike vaksiner er undersøkt (Duvaxyn Plus, Equilis Prequenza Te, Equip FT, ProteqFlu-T og Equilis Resequin). Dyra vart grunnimmunisert med 3 vaksinasjonar der det gjekk 5 veker mellom 1. og 2. vaksinasjon og 6 månader mellom 2. og 3. vaksinasjon. Antistofftiter frå serum vart målt fram til 6 månader etter grunnimmuniseringa. Ein målte antistofftiter mot fire ulike stammar: A/eq/Newmarket/2/93 (H3N8 europeisk stamme), A/eq/Kildare/92 (H3N8 amerikansk stamme), A/eq/South Africa/4/03 (H3N8 undertype Florida av amerikansk stamme) og A/eq/Prague/56 (H7N7) | Artikkelen viser til at det er godt samsvar mellom antistofftiter og beskyttelse mot sjukdom. Målt som singel radial haemolysis (SRH) vil eit titer på om lag 150 mm2 gje klinisk og virologisk beskyttelse, medan titer på om lag 85 mm2 gjev berre klinisk beskyttelse noko som tyder at ein har virusformeiring på slimhinner og serokonvertering, men hesten viser ikkje kliniske symptom.
3 månader etter grunnimmunisering hadde duvaxynvaksinerte hestar gjennomsnittleg titer (SRH) på 193 mm2. Dei andre vaksinane varierte mellom 109 –129 mm2. 6 månader etter grunnimmunisering hadde duvaxynvaksinerte hestar gjennomsnittleg titer (SRH) på 151 mm2 medan dei andre vaksinane varierte mellom 62 –84 mm2. Artikkelen konkluderer med at antistoffresponsen frå hestar vaksinert med Duvaxyn Plus var signifikant høgare enn hestar vaksinert med dei fire andre produkta. Dessutan fann ein hestar som responderte dårleg på vaksinering i alle grupper unnateke Duvaxyn Plus-gruppa. Kjelde: Gildea S et al. A comparison of antibody responses to commercial equine influenza vaccines following primary vaccination of Thoroughbred weanlings...... Vaccine. 2011 Nov 15;29(49):9214-23 Samandrag av studien. Meir om Duvaxyn |