ScanVet Informasjonskontor, Norge
  • Heim
  • Produkt
    • Duramune
      • Felovax, Fevaxyn
        • Duvaxyn
          • Cepesedan
            • Cepetor
              • Revertor
                • Equest Pramox
                  • Equimucin
                    • Flunixin
                      • Norodyl
                        • Genestran
                          • Hy-50
                            • Noroclav
                              • Norodine
                              • Preparatomtalar
                              • Lenker
                              • Kontakt oss
                              • Om Scanvet
                              • Nyhetsbrev
                                • Bestill nyhetsbrev
                                  • Kommentar/brukarinfo nyhetsbrev
                                    • Avbestill nyhetsbrev

                                    Felint leukemivirus (FeLV) og Fevaxyn Pentofel vet.

                                    Felint leukemivirus (FeLV) er eit smittsamt retrovirus og finnast endemisk i store delar av verda. Viruset er ømtolig og overlever ikkje lenge i det fysiske miljøet. Smitte forgår difor frå katt til katt og skjer oftast via spytt og nasesekret etter kontakt, biting eller slikking. Yngre kattar er meir mottakelege enn eldre og lang kontakttid med smitte aukar sjansen for infeksjon.

                                    Etter infeksjon er katten viremisk ei tid og viruset internaliserast i beinmargceller. Fleirtalet av kattane sluttar å utskilja virus etter nokre månader, men immunsuppresjon kan aktivera det latente viruset. Om lag 30-40 % (4) av dei infiserte kattane blir persistent viremiske.  

                                    Desse persistente virusutskiljarane vil i stor grad utvikla sjukdom. Vanleg er utvikling av lymforsarkomar. Ein har ein multisentrisk form, ei alimentær form, tymusform og ei uklassifisert form. Elles vil persistent viremiske kattar utvikla immunsuppresjon og er utsette for andre infeksiøse sjukdomar. Nonregenerativ anemi er vanleg. Det førekjem også immunmedierte sjukdomar som fylgje av antigen-antistoffkompleks eller autoantistoff. Ein ser også ofte reproduksjonsproblem hjå persistente virusutskiljarar, og abortar og daudfødslar er symptom på FeLV i katteri.

                                    Prevalensen av FeLV i Europa er rekna til å vera om lag 5 % hjå ”friske” kattar og mellom 10 og 20 % hjå kattar med ein eller annan sjukdom(3). I Noreg er det lite oppdatert informasjon på prevalens. Ueland(2) undersøkte serum frå 224 kattar behandla på klinikken på NVH i perioden 1983-1989. Han fann prevalens på 2,2 % blant sjuke kattar og 1,2 % blant friske. Etter dette er det ikkje gjort undersøkjingar her til lands. Tilbakemeldingar frå kollegar er at ein påviser virusetantigenet på ein mindre del av kattane som testast utan at ein har gjort statistikk på det. I Danmark er det nyleg beskrive ein høg regional variasjon(3). Ein må også vera klar over at mykje tyder på at ein kan ha FeLV-relatert sjukdom utan at FeLV vert påvist (katten har gjennomgått infeksjon men skiljar ikkje lenger ut virus). Ein har mellom anna funne at i FeLV-positive katteri har ein 40 gonger høgare frekvens av lymfom på FeLV-negative kattar enn i populasjonen elles(1).

                                    Vaksinering med Fevaxyn Pentofel vet. fra Fort Dodge

                                    Fevaxyn Pentofel vet. byggjer vidare Fel-O-Vax PCT og Fel-O-Vax IV og inneheld FeLV- antigen (61 E-stamme) i tilegg til antigena i Fel-O-Vax IV. Alle antigena er inaktivert slik at ein slepp problemstillingane omkring levande attenuert virus. Ein unngår såleis faren for at attenuert kattepestvirus skal infisere foster transplacentalt ved vaksinasjon av drektige kattar eller ved at vaksinerte kattar smitter drektige kattar. Alle vaksinane inneheld også det nyare calicivirusantigenet; stamme 255.

                                    Fort Dodge sin FeLV-vaksine kan vise til svært god beskyttelse i forsøk. Ein har vist 100 % beskyttelse mot FeLV i smitteforsøk for kattar eit år etter vaksinasjon medan ikkje-vaksinerte kontrollar hadde 0 % (5). 

                                    Fevaxyn Pentofel gjev praktikaren saman med Fel-O-Vax PCT og Fel-O-Vax IV høve til å skreddarsy eit vaksineregime til katten etter kva for risiki den er utsett for. Når det gjeld FeLV, er det spesielt utekattar og kattar i fleirkattehold som reknast som utsette(1,2). Dette må vurderast saman med den estimerte lokale smitterisiko.

                                    For vidare lesing visast til referansane under.

                                    Wilmar Kolnes
                                    veterinær



                                    Referanser:
                                    1. Susan M. Cotter. Infectious diseases of the dog an cat, 2. ed. Saunders 1998 s. 71-84
                                    2. K. Ueland, H. Lutz. Prevalens ofFeline Leukemia Virus and Antibodies to Feline Immunodeficiensy Virus in Cats in Norway. J. Vet. Med B 39, 53 58 (1992)
                                    3. SVS – SVA. Vaccination av hund och katt i Sverige. Juli 2003
                                    4. K. Rebell, H. Poulet. Felv, eine nicht vermehrungsfähige Vektorvakzine (Kanarienpockenvirus), Tierarztiche-Umschau. 2003, 58: 1, 33-40
                                    5. E. A. Hoover et. al. Development and testing of an inactivated feline leukemia virus vaccine. Seminars-in-Veterinary-Medicine-and-Surgery-Small-Animal. 1995, 10: 4, 238-243
                                    6. Kjetil Ueland. Virussykdommer hos hatt. Norsk Veterinærtidskrift 1993 105, 10 s.1039-1051